• Carlo på bokbad KOK 2026

    I år kom Carlo Aall med ei ny fagbok på forlaget Springer, der han tek lesaren med inn i dei siste tiåra i norsk klima- og miljøhistorie, både sett med eit fagleg og eit personleg blikk. I november kan du høyre han snakke om boka si både i Sogndal og Bergen.

  • Svingen-bygget Kyrre Groven

    Vestlandsforsking ser etter ein ny leiar for instituttet etter at Anne Karin Hamre takka ja til stillinga som kommunedirektør i Sogndal. Rekrutteringsbyrået Human AS er i gang med å kartlegge aktuelle kandidatar. Søknadsfristen for stillinga er 25. november. – Vi ønskjer ein leiar som kan vidareføre alt det positive og utvikle instituttet, seier Bjørkly.

  • Disputas

    Klimatilpassingssenteret Noradapt har fått sin første doktorgrad. Torbjørn Selseng, som er forskar og stipendiat ved Vestlandsforsking, disputerte for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet 3. november. Avhandlinga er ein grundig og nyskapande analyse av lokal klimatilpassing. Kva skal eigentleg til for å lukkast, spør Torbjørn, som meiner vi har sett for lite til faktiske resultat så langt.

  • JustTransform-prosjektet i Solvorn

    Kva for arbeidstakarar får vere med når arbeidslivet skal gjennom ei grøn og digital omstilling, og kven står i fare for å falle utanfor? 3. desember inviterer Vestlandsforsking og NORCE til digital konferanse for å dele kunnskap, erfaringar og løysingar frå forskingsprosjektet Just Transform.

  • Bedriftsbesøk frå VF til Digital Etikett

    Ei viktig finansieringsordning for å drive fram forskingsbasert innovasjon er igjen føreslått kutta i framlegget til statsbudsjett for 2027. – Dersom regjeringa legg ned Forregion, vil dei svekke fornyingsevna til bedrifter i distrikta, særleg i Vestland, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • Forskar og direktør over Sogndal

    Når krig pregar nyheitsbiletet, korleis kan vi rydde plass til klimaomstillinga? – Vi er ute etter dei langsiktige løysingane framfor dei kortsiktige, seier Marta K. Jansen ved Vestlandsforsking. 21.-22. september samlar Klimaomstillingskonferansen 2026 folk frå ulike sider av klimaarbeidet.

Nye publikasjonar